Retningslinjer for overflytting til barnehagelærarutdanning
Studentar med aktiv studentstatus på barnehagelærarutdanning ved ein annan lærestad, kan sende ein formell søknad om overflytting til barnehagelærarutdanninga ved NLA. Bruk særskilt søknadsskjema.
Dokumentasjon på studentstatus og karakterutskrift skal leggjast ved søknaden.
Basert på føresetnadene under, er overflytting mogleg for studentar som har fullført dei to første åra ved anna barnehagelærarutdanning.
Føresetnader for å få innvilga overflytting til NLA:
- Søkjarar skal vere kvalifiserte for oppflytting til det studieåret som det blir søkt overflytting til, ved den institusjonen det blir søkt frå.
- Ledig studieplass.
- Studenten har fullført og bestått 1. og 2. studieår (og ev. halve 3.studieår) ved den
utdanningsinstitusjonen vedkomande søkjer frå. - Søkjarar må til vanleg ha fullført minst like mange veker rettleia praksis som studentane ved NLA.
- NLA tek ikkje opp søkjarar som skal ta mindre enn 30 studiepoeng ved NLA. Søkjar må såleis søkje seg til både BLKO6 og Bachelor og/eller fordjupning ved NLA 3. studieår.
Dersom det kjem søknader frå studentar på 1. studieår som ønskjer seg inn på 2. studieår, kan desse innvilgast dersom studenten har delteke på eit studium med same studiemodell som ved NLA første studieår (30 sp BULL og 30 sp KKK, 30 dagars praksis).
Søknadsfrist er 15.april (opptak kan skje etter søknadsfrist forutsatt ledige plasser).
Søknadsskjema laster du ned her.
Ta kontakt med studiekonsulent for barnehagelærarutdanninga dersom du har spørsmål om overflytting til barnehagelærarutdanninga ved NLA.