Årsstudium i samfunnsfag
- Studieprogramkode:
- GL5SAM
- Studieprogramnavn:
- Årsstudium i samfunnsfag
- Kull:
- 2023 Høst
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Studiested:
- Bergen
- Studiepoeng:
- 60 poeng
- Grad:
- Årsstudium
- Oppstart:
- Høst
Studiets føremål
Samfunnsfaget har samfunnsbyggjande ambisjonar. Studium av samfunn skal hjelpe menneska til å finne fotfeste og orientere seg i verda, i det nære, i det fjernare og globale, i fortid, i notid og i framtid. Gjennom myndiggjering og kunnskap skal studentane utvikle evna si til kritisk refleksjon, resonnement og argumentasjon og utvikle haldningar og kompetansar som mangfaldige, berekraftige og demokratiske samfunn treng. Slike samfunn må mellom anna ha menneske som tek initiativ, undersøkjer sjølv, kan samarbeide og ta ansvar. Studentane skal tileigne seg kompetanse i å utforske, kommunisere, tenkje kritisk og utvikle samfunnsvitenskaplege tenkjemåtar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Krav om politiattest
Det er krav om politiattest (jf. Forskrift om opptak til høgre utdanning, § 6-1).
Krav om å vere skikka
Nei
Læringsutbytte
Etter fullført og bestått studium har studenten følgande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Studenten
- har kunnskap om samspelet mellom menneske, politikk, teknologi og natur, med vekt på demografi. berekraft, ressusfordeling, globalisering og samfunnsutvikling.
- har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om ideologiar, makt, politikk, styringsformer, demokrati, medborgerskap og menneskerettar
- har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane og om kulturelt mangfald i Noreg
- har kjennskap til vitskaplege teoriar og metodar innan samfunnsfaget
- har kunnskap om samfunnsfagdidaktisk teori og forskning
- har kunnskap om sosialisering, kultur, identitet, kjønn og ulikskap i eit samfunnsfagled perspektiv
- har kunnskap om mogelegheiter og utfordringar for samfunnsfaget knytt til elevane sin digitale kvardag, digitale ferdigheiter, digital kjeldebruk og digital dømmekraft
- har djupekunnskap om sentrale føresetnader og problemstillingar knytte til statsdanning, samfunnsutvikling og demokratiseringsprosessar
- har kunnskap om geografiske grunnomgrep, den romlege dimensjon og geografisk identitet
- har djupnekunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie, og om korleis nærmiljøet kan nyttast som didaktisk ressurs
- har djupnekunnskap om berekraftig utvikling og sentrale delar av klima- og miljøvitenskapen
- har innsikt i utvalde døme på den historiske utviklinga i Noreg, og djupnekunnskapar om norsk industrialiseringshistorie, migrasjonshistorie, sosialdemokratiet og velferdsstaten
- har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin historiske plass i samfunnet
Ferdigheter
Studenten
- kan leie læringsprosessar med særleg vekt på grunnleggjande ferdigheiter og dei tverrfaglege tema i læreplanen, og sikre progresjon i opplæringa
- kan reflektere omkring samanhengar mellom industrialisering og forbruk, og korleis desse påverkar natur, klima og samfunn
- kan reflektere over og kritisk vurdere teoriar og forklaringsmodellar for migrasjon, samfunnsutvikling, demoktratiseringsprosessar og historiske utviklingstrekk i nasjonale og internasjonale samanhengar
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med elevane
- kan søkja, vurdera og tolka ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiopplæringa, og leggja til berekraftig handlingskompetanse hos elevane
- kan reflektere over planlegging, leiing og vurdering av læringsarbeid som grunnlag for læringsretta tilbakemelding til alle elevar
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege og fagdidaktiske spørsmål, og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
- har innsikt i sentrale faglige, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillinger
- kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvera lokalt samfunnsliv i opplæringa
Studiets oppbygning
Studiet er bygd opp av to obligatoriske emne:
Haustsemesteret: MGL5SA101 Samfunnsfag 1 (30SP)
Vårsemesteret: MGL5SA201 Samfunnsfag 2 (30SP)
Innhald
Årsstudiet i samfunnsfag er samansett av eit innføringsemne og eit fordjupningsemne i samfunnsfag. Innholdet i emna er spesielt orientert mot skolefaget samfunnsfag (5.–10 trinn), og har difor ein tverrdisiplinær tilnærming.
Innføringsemnet i samfunnsfag – Samfunnsfag 1 – har ei brei tilnærming og integrerer perspektiv frå samfunnsfagdidaktikk med geografi, historie og samfunnskunnskap. Studentane får eit oversyn over lange historiske linjer og nokre sentrale hendingar i verdshistoria; frå dei forhistoriske jeger- og sankarsamfunna, til jordbrukssamfunn, industrisamfunn og notidige kunnskapssamfunn. Samspel mellom menneske, teknologi og natur står sentralt i emnet. Studentane får mellom anna innblikk i forhold og utfordringar knytt til befolkningsutvikling, ressursfordeling, berekraftig utvikling, konfliktar, internasjonalt samarbeid, kulturelt mangfald, sosialisering, sosial ulikskap, politikk og demokrati. Korleis menneske skaper og blir ein del av ulike samhandlingsmønster og fellesskap, ofte med ulik fordeling av makt og ressursar, er sentrale moment i samfunnsfaget. Emnet gjev grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter for å undervise i dei tverrfaglege temaområda demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling.
Fordjupningsemnet Samfunnsfag 2 gjev ei djupare tilnærming innan utvalde emne i samfunnsfaget. Nokre tema er allereie introdusert i innføringsemnet Samfunnsfag 1, og denne vidareføringa inneber difor ei form for fordjuping og progresjon. Emnet er i hovudsak strukturert i to tverrfaglege temabolkar: (1) «Framveksten av det moderne Noreg», og (2) «Perspektiv på globalisering, migrasjon og utvikling». I det same integrerast ei rekke fagdidaktiske emne, og studentane vil øvast i korleis ein kan arbeide med historiske kjelder og vitskaplege tenkjemåtar i samfunnsfag.
«Framveksten av det moderne Noreg» (1) gjev innsikt i at økonomi/samfunndimensjonen kan studerast på ulike nivå, og at mikroorienterte studiar, av ein gard eller ei bedrift, kan kasta lys over større samanhengar og gje kunnskap om verdiskaping og økonomiske strukturar. Studentane får eit djupare innblikk i utvalde delar av Noregs historie, særleg norsk samfunnsutvikling og industrihistorie. Denne bolken byggjer også djupare kunnskapar om geografiske grunnomgrep, geografisk identitet, klimateori og ulike tilhøve som utfordrar ei berekraftig utvikling.
«Perspektiv på globalisering, migrasjon og utvikling» (2) gjev kjennskap til komplekse aspekt, mekanismar og konsekvensar av globalisering og migrasjon. Studentane skal forstå menneskeleg mobilitet og vandring i ein større geografisk, politisk, økonomisk, sosial- og historisk samanheng. Dagens folkevandringar vert samanlikna med den norske masseutvandringa til Amerika. Vidare drøftast ulike tilhøve som fremjar og hemmar utvikling i utvalde regionar. Særleg fokus vert lagt på politikk, økonomi, utviklingsengasjement og demokratiseringsprosessar.
Arbeids- og undervisingsformer
Undervisninga blir organisert i seminar, forelesningar, gruppearbeid, diskusjonar, studentframlegg, praksis, ekskursjonar, skriftlege og munnlege arbeidskrav, vegleing på arbeidskrav, og enkelte innslag av digital eller asynkron undervisning.
Det er krav om aktiv studentdeltaking og relativt omfattande obligatorisk frammøte. Krava til frammøte blir spesifisert ved studiestart.
På årsbasis utgjer det organiserte undervisningstilbodet ca. 250 undervisningstimar, og arbeidskrava krev ca. 150 timars innsats. Studentane må i tillegg rekne med ca. 1400 timar sjølvstudium.
Arbeidsomfang
Ca. 1800 timer
Eksamen og vurdering
MGL5SA101: emnet har to deleksamenar. Ein munnleg eksamen utan hjelpemiddel, og ein skriftleg 3-dagers heimeeksamen med hjelpemiddel.
MGL5SA201: ein 6-timars skuleeksamen utan hjelpemiddel.
Både MGL5SA101 og MGL5SA201 har arbeidskrav som må gjennomførast og godkjennast til fastsette fristar, for å kvalifisere for eksamen.
Arbeidskrav for MGL5SA101
- Ein fagtekst med prosesskriving
- Ei vurdering av ein medstudent sin fagtekst
- To leserapportar
- To podcaster
- Ei fagdidaktisk oppgåve
- Breiddetest
Arbeidskrav for MGL5SA201
- Eit fordjupningsprosjekt
- Ei skriftleg oppgåve
- Eit munnleg framlegg (førebudd fagleg debatt)
- To litteraturoppsummeringar
- Ein fagdidaktisk oppgåve
Nærare opplysningar om innhaldet i arbeidskrava og tidspunkt for gjennomføring vert gjeve i undervisningssemesteret.
Praksis
Praksis gjennomførast i form av 6 timars punktpraksis i faget i grunnskolen. Gjennom praksis skal studentane få innsikt i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning.
Vidare studier
Årsstudium i samfunnsfag vil med noko tilleggspraksis, kunne gi innpassing i grunnskolelærarutdanning 5.-10.trinn ved NLA.
Relevans
Studiet har ein allmenndannande og tverrdisiplinær profil, med spesiell orientering mot skolefaget samfunnsfag og ei rekke samfunnsfagdidaktiske tema. Studiet kan legge eit godt grunnlag for vidare studiar innan samfunnsvitskaplege-, humanistiske- og utdanningsvitskaplege fag. Studiet er spesielt egna for deg som ynskjer å byggja undervisningskompetanse i samfunnsfag, og/eller vurderer vidare studiar innan lærarutdanningane. Studiet bygger på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanninga 5.-10.trinn.
Undervisings- og eksamensspråk
Norsk
Evaluering
Evaluering skjer i tråd med retningslinjene i NLA Høgskolens kvalitetssystem
Alle versjoner:
Årsstudium i samfunnsfag (Kull: 2024Høst)
Årsstudium i samfunnsfag (Kull: 2023Høst)