Årsstudium i samfunnsfag
- Oslo, Bergen
- Årsstudium
- 60 poeng
- Høst
Studiet kan tas på NLA Høgskolens studiesteder i enten Oslo eller Bergen.
Om utdanningen
Samfunnsfaget har samfunnsbyggjande ambisjonar. Studium av samfunn skal hjelpe menneska til å finne fotfeste og orientere seg i verda, i det nære, i det fjernare og globale, i fortid, i notid og i framtid. Gjennom myndiggjering og kunnskap skal studentane utvikle evna si til kritisk refleksjon, resonnement og argumentasjon og utvikle haldningar og kompetansar som mangfaldige, berekraftige og demokratiske samfunn treng.
Hva lærer du?
Samfunnsfaget integrerer perspektiv frå historiefag, statsvitskap, sosiologi, sosialantropologi, samfunnsgeografi, naturgeografi, sosialpsykologi, samfunnsøkonomi, utveklingsstudiar og samfunnsfagdidaktikk. Gjennom årsstudiet vil du mellom anna få eit oversyn over lange historiske linjer og sentrale hendingar i verdshistoria; innblikk i samspelet mellom menneske, teknologi og natur; og kjennskap til komplekse mekanismer og konsekvensar av globalisering og migrasjon. Du vil lære meir om vår tids utfordringar knytt til befolkningsutvikling, ressursfordeling, berekraftig utvikling, internasjonalt samarbeid, kulturelt mangfald, demokrati og sosial ulikskap. Årsstudiet gjer både breidde- og djupnekunnskapar om dei tverrfagelege temaområda demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling.
Videre studier
Studiet har ein allmenndannande og tverrdisiplinær profil, med spesiell orientering mot skolefaget samfunnsfag og ei rekke samfunnsfagdidaktiske tema. Studiet kan legge eit godt grunnlag for vidare studiar innan samfunnsvitskaplege-, humanistiske- og utdanningsvitskaplege fag. Studiet er spesielt egna for deg som ynskjer å byggja undervisningskompetanse i samfunnsfag, og/eller vurderer vidare studiar innan lærarutdanningane.
Årsstudium i samfunnsfag vil med noko tilleggspraksis, kunne gi innpassing i grunnskolelærarutdanning 5.-10.trinn ved NLA Høgskolen.